FjordFix er eit lokalt vaktmeisterfirma som tilbyr praktisk hjelp inne og ute for privatpersonar, utleigarar, sameige og mindre bedrifter.
Bak FjordFix står eg, Krister. Eg likar praktisk arbeid og trivst best når ting er på stell. Eg er oppteken av at jobbar blir gjorde skikkeleg, at det ser ryddig ut undervegs, og at resultatet er pent og ordentleg når eg er ferdig.
FjordFix er etablert for å hjelpe med oppgåver som ofte blir utsette, men som betyr mykje for heilskapsinntrykk, funksjon og trivsel. Det kan vere småjobbar, vedlikehald eller jamn oppfølging over tid. Nokon treng hjelp ein gong, andre ønskjer ein fast avtale. Begge delar er heilt i orden.
Eg legg vekt på ansvarlegdom, tydeleg kommunikasjon og ryddig utføring. Når eg tek på meg eit oppdrag, skal kunden vite kva som skal gjerast, og korleis det blir løyst.
Eg tek ikkje arbeid som krev fagbrev innan faste installasjonar som elektrisk arbeid, røyr eller våtrom. Dersom ei oppgåve bør løysast av fagfolk, seier eg ifrå. Det er viktig for meg å vere ærleg og gi gode råd, også når det betyr å tilrå andre.
FjordFix held til på Kvammegardane like utanfor Knarvik. Eg tek oppdrag i nærområdet, mellom anna i:
Ved større eller meir omfattande oppdrag kan eg òg vere open for prosjekt utanfor dette området etter avtale.
FjordFix er i vekst. I dag er det eg som er einaste mann på dekk, og det gir rom for personleg oppfølging, fleksibilitet og tilpassing til kvar einskild kunde. Ambisjonen er å byggje verksemda vidare på ein ryddig og berekraftig måte, med fokus på kvalitet og tillit.
Målet er enkelt. Å vere ein lokal og påliteleg aktør som folk kjenner seg trygge på å ta kontakt med, og som leverer praktisk hjelp på ein ordentleg måte.